Inn på Tunet
Inn på Tunet
Garden har sidan 2009 vore ein Inn på Tunet gard med KSL godkjenning.
Visjon: Hadland økologiske gard skal vera ein veletablert arbeidsplass og læringsarena for elevar og personar som av ulike grunnar treng ein tilpassa arbeidsplass for opplæring og arbeid. Ulike grunnar kan vera sosiale/emosjonelle vanskar/traume, eller generelle og spesifikke lærevanskar. Stell og pass av dyr, praktisk arbeid og den gode samtalen ved bord og jord er viktig for å lukkast. Samarbeid med heim, skule, behandlarar og det private næringsliv med tanke på framtidige jobbar er også viktig for kontinuitet og utvikling. Hadland økologiske gard skal ha plass til 1-5 brukarar, samt kunna sysselsetja miljøpersonell.
Målgruppa: Hadland økologiske gard har eit tilrettelagd praktisk/pedagogisk tilbod for personar som ikkje finn seg til rette i skulekvardagen eller i arbeidslivet. Primært er Hadland ein læreplass og øvingsplass for elevar med sosiale- og emosjonelle vanskar, og elevar med generelle -, eller spesifikke lærevanskar . For nokre elevar vil dette vera eit tilbod som går gjennom heile året, og for andre kan det vera nok å vera på garden ein kortare periode. Nokre elevar blir ikkje flinkare på skulen av å ha fleire teoritimar og tilrettelagde undervisningstilbod i skulebygningen. Me har erfart at desse elevane kan blomstra når dei får gjera praktisk arbeid og koma i kontakt med dyr. Hadland økologiske gard tek også i mot personar som treng tilrettelagt arbeid i eit skjerma, oppbyggjande og inkluderande miljø.
Hadland økologiske gard tek utgangspunkt i læreplanverket og er meint å vera ein alternativ læringsveg for å nå kompetansemåla i skuleverket.
Målsetjing: Hadland økologiske gard vil gjennom praktisk arbeid, gjennom kontakt med dyr, og med gode samtalar freista å finna fram til det beste i kvar enkelt person. Motivasjon og meistring er sentrale stikkord i arbeidet. Arbeidet med elevane blir samkøyrt med skulen sine planar. Den praktiske erfaringa elevane får gjennom arbeid på garden kan i stort monn kompensera for tapt teoriundervisning på skulen. Viss elevane får læringslyst og tru på seg sjølve, blir resultatet langt meir enn kompensasjon. Dokumentasjon på arbeid og måloppnåing kan synleggjerast gjennom IOP, logg og mappe.
Pris: Ta kontakt om pris på telefon 97171855 eller mail torhadla@online.no