Steinjillt

Steinjillt har hatt ein flott sesong så langt med mange fornøyde kundar.  Me held Steinjillt i gang ut september.  Målgruppa vår er skuleklassar, bedrifter, utdrikningslag, familiar og idrettslag.  Dette er lagbygging!  Kom og prøv vårt unike konsept der me vil prøva å framsstilla kor hardt arbeidet på gardane var i gamle dagar.  De skal få prøva "farmers walk", få løfta tunge steinar, bruka steinbukk, dra stein, mina i stein, kasta greib, kasta øks, klatra i Ninjavegg, på bruskassar og og på stolpe.  Ei utspekulert steinløype for atlasstein og ein nervepirrande steinstafett får de også tid til.

I tillegg for de som vil ha eit heildagsopplegg,  har me laga ei 3 km lang rundløype der de skal finna 7 ulike postar som skal svarast på.  Svarar de rett, har de koden til ei kiste der det finst ein liten premie.  Turen går i gammalt jærsk kulturlandskap, med skog, lynghei, langs med Håelva og opp på høgste punktet som ligg 163 moh.

Ta kontakt, så skreddersyr me opplegg etter dykkar behov.

Me kan garantera at Steinjillt blir ei minnerik oppleving for både store og små!

Kontakt:  Torvald Hadland på telefon 97171855 eller mail torhadla@online.no

Betingelser for salg